Erik Haakon Egeberg 85 år

Professor emeritus, dr.philos. Erik H. Egeberg er 85 år 23. januar. Han kom til Tromsø i 1975 og vart i 1977 utnemnt til professor i russisk litteratur. På dette fagfeltet er han kjent som ein internasjonal kapasitet. Han har skrivi ei rekkje bøker med emne frå russisk litteratur og åndsliv. Egeberg er framleis aktiv som forskar. Gulbrand Alhaug og Helge Salvesen

Publiseringsdato 23.01.2026




Jubilanter